Variete

Variete
Flora ungdomsskule presenterer varieteen FRAM.

Flora ungdomsskule sitt bidrag til byjubileet går av stabelen fredag 30 april. Dette er ein varieté der  ungdommen vil  hylle byen sin. Den begynner som  ein marknad utanfor og i foajeen. Her vil du møte bønder,  fiskarar og byfolk frå tidlegare tider, ungar på stylter, sjonglørar, dansarar og akrobatar mm .  Inne i  kinosalen blir det ein underhaldande varieté med sang, dans og opptrinn frå scena.  Alt i god, gammal FRAM-ånd,  i ungdom sitt uttrykk.
FRAM  passar for folk i alle aldrar, og vi lovar ein festkveld!

 
Helsing Flora ungdomsskule - Geir Knapstad


Klikk på plakaten for å få eit større bilete.